Financial risk manager

Prosjektøkonom/rådgjevar ved Det medisinske fakultet

UNIVERSITETET I BERGEN DET MEDISINSKE FAKULTET
Norway, 5009 BERGEN
Full-time
Direct hire

Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Prosjektøkonom (rådgjevar) Vi søkjer ein engasjert prosjektøkonom til ein spennande 100 % fast stilling ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1/Klinisk institutt 2, med tilsetjing så snart som mogleg. Hos oss får du moglegheitene til å bidra til banebrytande forsking og utvikling. Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 har stor forskingsaktivitet og vektlegg forsking som tar utgangspunkt i kliniske problemstillingar, og vi har en prosjektportefølje på ca. 200 millionar kroner per år. Hos oss får du moglegheit til å jobbe med spennande økonomiske utfordringar og prosjekt. Det er administrasjonens oppgåve å gi god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda. Prosjektøkonom har også samarbeid med dei andre økonomane både ved fakultetet og ved UiB.   Vi ynskjer oss ein medarbeidar med god økonomiforståing, og med gode analytiske evner.  Vi bruker Unit4 ERP som økonomisystem, og Excel som dagleg arbeidsverktøy. Arbeidsoppgåver: Ansvar for økonomistyring og oppfølging av både eksternt og internt finansierte prosjekt, inkludert budsjettering, avviksbehandling, og økonomirapportering Støtte og oppfølging knytt til prosjekta i ulike fasar; søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfasen Støtte og rådgjeving i økonomispørsmål ved institutta Kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet Regnskaps- og økonomiarbeid som handtering av bestillingar og fakturabehandling (inngåande og utgåande) Saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing  Bidra til prosess og rutineforbetringar Det kan bli gjort endringar i arbeidsoppgåvene i stillinga. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Høgare utdanning innan økonomi og administrasjon på master- eller siviløkonomnivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning Erfaring frå økonomioppfølging og rådgjeving i prosjekt er naudsynt God skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk    God rekneskaps- og tallforståing  God digital kompetanse og gode ferdigheiter i bruk av Excel Ønskeleg med erfaring frå rapportering til ulike finansieringskjelder, spesielt Norges Forskningsråd og EU Ønskeleg med kjennskap til Unit4-ERP eller liknande system Erfaring med økonomiarbeid frå tilsvarande verksemd og kjennskap til universitetssektoren er ein fordel Vi søkjer ein person som er Motivert for arbeidsoppgåvene Sjølvstendig og med god gjennomføringsevne God på samarbeid og kommunikasjon  Analytisk, lærevillig og løysningsorientert Serviceinnstilt og tek initiativ Strukturert og effektiv og trivest med å handtere mange oppgåver samtidig Ein som bidrar positivt til det faglege og sosiale fellesskapet Vi kan tilby: Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving Løn som rådgjevar (kode 1434) i årsløn frå kr 670. 000 til 770.000  avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast Ei stor kontaktflate i organisasjonen Erfarne kollegaer som deler kunnskap  Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor ein dag i uka Generell informasjon: For utfyllande opplysningar om stillinga, kontakt økonomileiar Beate Marholm Bernes, mobil: 93 23 07 10, e - post:  Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her. Om arbeidsgiveren: Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Required experience

Financial and investment advisers (4 years)

Translated
Job offer details
Work schedule: Full-time
Number of posts: 1
Job offer language: Norwegian Nynorsk
Workplace
Location city: 5009 BERGEN
Location region: Vestland
Country: Norway
Company
Employer name: UNIVERSITETET I BERGEN DET MEDISINSKE FAKULTET
Company address: Haukelandsveien 28
City: 5009 BERGEN ,
Country: Norway