Primary school head teacher

Tilkallingsvikar - Edland skule

Norway, 3895 EDLAND
Full-time
Temporary

Vil du vera tilkallingsvikar ved Edland skule? Edland skule er ein 1–10-skule med omlag 80 elevar, og ligg sentralt til i vakre Vinje kommune. Me har eit trygt og inkluderande læringsmiljø med engasjerte elevar og eit godt fagleg og sosialt kollegium. For skuleåret 2025–2026 har me behov for tilkallingsvikarar, både på barnetrinnet og ungdomstrinnet. Det kan også vera behov for vikarar på SFO. Me søkjer etter engasjerte og dyktige tilkallingsvikarar, som vil jobbe hjå oss skuleåret 2025-2026.  Dette er ei ope utlysing og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Oppstart etter avtale. Arbeidsoppgåver Tilkallingsvikar for kortare og lengre fråver Undervisning på 1.-10. trinn Aktivt bidra til å byggje laget kring elevane Delta på relevante møte Delta på skulens utviklingsarbeid Assistent på SFO i skuletida og i feriar Andre relevante oppgåver i skulen, som til dømes inspeksjon KvalifikasjonarMe søkjer etter deg som har erfaring frå arbeid med born og unge, gjerne som har godkjent utdanning, men dette er ikkje eit krav til stillinga. Det er ein fordel om du har jobba på skule tidlegare, men alle er i utgangspunktet velkomne til å søkje på stillinga om du tenker du er skikka til jobben. Personlege eigenskapar Du har godt humør, er raus og trivast saman med elevar Du har eit positivt elev- og menneskesyn Du likar å vera aktiv deltakande i samhandling, aktivitetar og leik Du er tydeleg, strukturert og evnar å omstille deg på kort varsel Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar Du har høge ambisjonar på vegne av elevane Du stiller presis og godt førebudd til skuledagen For lærarvikarar må du planleggje og gjennomføre undervisning Du er ein god formidlar og evnar å skape gode relasjonar Du likar å arbeide i team, delar kompetanse og bidreg til gode og trygge rammer kring elevane Du likar å lære nye oppgåver Vi tilbyr Ein god skule som har eit godt arbeidsmiljø, høg kompetanse og stort engasjement God forsikrings- og pensjonsordning Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.  I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.  Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. KontaktinformasjonRune Sudbø Tveito, Verksemdsleiar, 40915955,  ArbeidsstadStoregutvegen 48 3895 Edland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 4999163647 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 18.08.2025 Sluttdato: 19.06.2026 Søknadsfrist: 22.08.2025 Om arbeidsgiveren: Edland skule ligg øvst i Vinje nær Haukelifjell / Bykleheia. Edland skule er ein 1–10 skule med 80 elevar. Skulen arbeider for eit trygt, godt og inkluderande skule- og læringsmiljø der elevane skal oppleve meistring og trivsel. Skulen har som mål å ha lærande og inkluderande fellesskap for alle elevar og vaksne. Me arbeider for eit positivt elevsyn med mål om at skulen skal vera ein god stad å vera og lære. Edland skule har fokus på klasseleiing og lesing i utviklingsarbeidet, og nyttar fysisk aktiv læring og nærværstrening som støtte og hjelp til å nå livsmeistringsmålet som er Vinje Oppvekst si hovudsatsing.

Required experience

Primary school teacher

Translated
Job offer details
Work schedule: Full-time
Number of posts: 1
Job offer language: Norwegian Nynorsk
Workplace
Location city: 3895 EDLAND
Location region: Vestfold og Telemark
Country: Norway
Company
Company address: Storegutvegen 48
City: 3895 EDLAND ,
Country: Norway